Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2

Kvifor blir brødristaren varm?

6.8 Hvorfor blir ledninger varme_nn

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Sei: Varmeelementa i ein brødristar blir raude når dei er varme. Be elevane lage ei liste over andre elektriske apparat som blir varme for å lage mat eller varme noko. Be dei lage ei anna liste over elektriske apparat som ikkje er laga for dette, sjølv om dei blir varme når dei er skrudd på. Sei: Veit de om apparat som har leidning som smeltar dersom det går for mykje straum gjennom ho? Korleis verkar dette? Bruk tenk-par-del

Sei: Straum er elektron som strøymer. Straumen kjem av at ei spenning dyttar elektrona gjennom leidninga. Leidningen hindrar elektronstraumen når dei kolliderer med metallatom i leidningen. Ein tynnare og lenger leidning har meir motstand. Straumen som går gjennom leidningen gjer han varmare på grunn av motstanden. Jo større straumen er, jo varmare blir leidningen. Leidningen inni brødristaren har den rette lengda og tjukkleiken for å ha nok motstand til å bli raud og varm når det går straum gjennom. Leidningen som går til brødristaren er mykje tjukkare og har veldig liten motstand, så denne blir ikkje varm. Isoleringa til leidningen er der for å hindre at nokon får elektrisk støt, og er ikkje der fordi leidningen blir varm.Spenninga, straumen og motstanden heng saman med ohms lov.

Spør: Korleis kan ein sikring gjere at brødristaren er trygg? Be elevane skrive ein tekst som får fram kva dei trur.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • gjøre rede for energibevaring og energikvalitet og utforske ulike måter å omdanne, transportere og lagre energi på (KM841)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)