Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2

Kva skjer når generatoren går fortare?

6.5 Når generatoren går fortere_nn

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Kople ein krets med ei lyspære med ein liten generator eller ein ergometersykkel med dynamo. Bruk modellkretsen til å undersøke kva som skjer med pæra når du tråkkar raskare. Bruk eit voltmeter til å måle spenninga undervegs. Snakk saman om kva dette fortel oss om kva som skjer med straumen og spenninga når vi tråkkar raskare. Spør: Korleis heng arbeidet til Michael Faraday saman med generatorar. Korleis kan dette hjelpe oss til å forstå korleis generatorar verkar?

Sei: Ein sykkel kan produsere elektrisitet dersom han får ein generator til å gå rundt. Dersom syklisten tråkkar raskare, vil generatoren snurre raskare og det blir laga meir spenning. Spenninga får elektron til å bevege seg, slik at den auka spenninga får fleire elektron til å bevege seg og derfor blir straumen større. Personen som syklar lagar ikkje fleire elektron eller aukar ladninga til elektrona, elektrona er ladde partiklar som allereie er i leidninga. Elektrona går ikkje raskare eller saktare, men fleire av dei beveger seg. Når spenninga dyttar straumen gjennom ein komponent som ei lyspære, må han gjere eit arbeid, og noko energi blir overført frå elektrona til lyspæra. Når straumen blir større, er det fleire elektron til å overføre energi, så ein stor straum vil få lyspæra til å lyse sterkare enn ein liten straum. 

Be elevane lage ei teikning ved å bruke enkle modeller på elektrisitet til å forklare kva det får å seie å tråkke raskare.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • bruke begrepene strøm, spenning, resistans, effekt og induksjon til å forklare resultater fra forsøk med strømkretser

Læreplan i fysikk - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Fysikk 1
    • Klassisk fysikk
      • definere begrepene strøm, spenning og resistans, og bruke prinsippene om bevaring av ladning og energi på enkle og forgreinede likestrømskretser