Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2

Kva for ein elektrisitetsmodell er best?

6.4 Ulike modeller på elektrisitet_nn

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Be elevane teikne ein enkel krets og lage ei forklaring på korleis dei trur ho verkar. Be elevane samanlikne teikninga med ei spiralsklie, vasslange, sykkelkjede og nokon som leverer eit brev. Spør: Kva for ein av modellane er lettast å assosiere med teikninga? Bruk tenk-par-del. Spør: Korleis kan vi bruke eit sentralvarmesystem som modell for ein elektrisk krets? 

Sei: Vi kan bruke modellar i naturfag for å hjelpe oss til å forstå noko. Elektrisitet kan vere vanskeleg å forstå fordi vi ikkje kan sjå korleis det verkar. Det finst mange modellar som kan hjelpe oss til å forstå elektrisitet. Kvar modell er god for å forklare nokre observasjonar, men ikkje så god til å forklare andre. Vasslange-modellen forklarer elektronstraumen i ei leidning. Spiralsklie-modellen forklarar at spenning og energi blir overført slik som ein person som sklir frå toppen til botnen. Nokon som leverer eit brev kan forklare at straumen ber energi og overfører noko energi til kvar plass han besøker. Sykkelkjedet forklarar at straumen ikkje blir brukt opp og at energi blir overført frå batteriet til dei ulike delane. 

Be elevane lage ein samanliknande tabell til nokon som aldri har høyrt om desse modellane for å vise kva dei forklarar godt og kva dei ikke forklarar. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 7. trinn
      • bruke og vurdere modeller som representerer fenomener man ikke kan observere direkte, og gjøre rede for hvorfor det brukes modeller i naturfag (KM770)
      • utforske elektriske og magnetiske krefter gjennom forsøk og samtale om hvordan vi utnytter elektrisk energi i dagliglivet (KM777)
    • 10. trinn
      • bruke og lage modeller for å forutsi eller beskrive naturfaglige prosesser og systemer og gjøre rede for modellenes styrker og begrensinger (KM833)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)