Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • teknologi og forskningslære x og 1

Kva for krefter påverkar satellittar?

10.15 Hvilke krefter påvirker satelitter NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Bind eit viskeler til ein hyssing og roter hyssingen rundt hovudet ditt. Be elevene observere korleis viskeleret beveger seg. Spør: Kva for krefter verkar på viskeleret? Slepp hyssingen og observer kva som skjer. Spør: Kva for krefter verkar? Korleis kan vi bruke denne modellen til å forklare korleis satellittar beveger seg rundt jorda, og kva for krefter verkar på satellitten? Bruk  tenk-par-del .

Sei: Satellittar går i bane rundt jorda. Det må vere ei kraft som held dei i banen, nemleg gravitasjonen. Gravitasjonen er ei kraft som trekk objekt mot kvarandre. Utan denne krafta ville ein satellitt bevege seg i ei rett linje ut i verdsrommet. Satellittar går med akkurat riktig fart og har riktig avstand til jorda til å bli trekt av gravitasjonen, men ikkje til å komme nærmare jorda. Gravitasjonen er sterk nok til å få dei til å endre retning og gå i ein bane, men ikkje sterk nok til å trekke dei nærmare bakken. Dei fell mot jorda, men kjem ikkje nærmare jorda. Satellittar kan ha små dytterakettar for å gjere små justeringar, men det er ikkje desse som held dei i bane. 

Be elevane skrive og teikne ei forklaring på korleis månen går i bane rundt jorda og jorda i bane rundt sola. 

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • undersøke et emne fra utforskingen av verdensrommet, og sammenstille og presentere informasjon fra ulike kilder

Læreplan i fysikk - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Fysikk 1
    • Klassisk fysikk
      • identifisere kontaktkrefter og gravitasjonskrefter som virker på legemer, tegne kraftvektorer og bruke Newtons tre lover

Læreplan i teknologi og forskningslære - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Teknologi og forskningslære 1
    • Teknologi, naturvitenskap og samfunn
      • beskrive den historiske utviklingen av en teknologisk innretning, forklare virkemåten og drøfte anvendelser i samfunnet
      • gjøre rede for utvikling og produksjon av et teknologisk produkt og vurdere produktets brukervennlighet, utviklingsmuligheter og miljøpåvirkning

Materialer og utstyr

viskeler
hyssing