Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2

Ser vi fyrverkeriet før vi høyrer det?

 

9.11 Ser vi fyrverkeriet før vi høyrer det NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.

Spør: Har de eksempel på at de kan sjå noko før de høyrer det? [lyn og tore] Snakk saman om det alltid skjer i denne rekkefølga. Be elevane undersøke på internett korleis lys og lyd beveger seg og kor raskt det skjer. Sei: Sjå for dykk ein gigantisk eksplosjon på månen. Ville det vore mogleg å sjå og høyre denne eksplosjonen her? Ville den infraraude strålinga gjort deg varmare? 

Be elevane skrive ei forklaring på korleis vi kan finne ut kor langt unna uveret er ved å telle tida det tar frå vi ser lynet til vi høyrer toreskrallet.

Faglig forklaring

Lyd beveger seg som bølger, gjennom vibrasjonar som blir overført frå ein luftpartikkel til ein annan. Lyd kan ikkje gå gjennom vakuum fordi det ikkje er partiklar der til å overføre vibrasjonane. Lys er meir komplisert. Det er ei form for elektromagnetisk stråling som beveger seg som små einingar som vi kallar foton. På nokre måtar er desse fotona som bølger, og på andre måter er dei som veldig raske partiklar. Lys kan gå gjennom både vakuum og luft.

I luft går lyd omtrent 1 km på 3 sekund. Lys går med den raskast moglege farten, omtrent 300 000 km per sekund (omtrent 300 000 000 m/s), noko som er nesten ein million gongar raskare enn lyd. Du vil alltid sjå fyrverkeriet før du høyrer det på grunn av denne forskjellen mellom lyd- og lysfarten. Det har ikkje noko å seie om det er mykje vind eller kor stort fyrverkeriet er. 

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 7. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • undersøke fenomener knyttet til lyd, hørsel og støy, diskutere observasjonene og forklare hvordan lyd kan skade hørselen