Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2

Har varmeisolasjon noko med lydisolasjon å gjere?

 

9.10 Har varmeisolasjon noko med lydisolasjon å gjere?  

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.

La ein elev ha på seg eit par øyrevarmarar. Spør: Trur de at øyrevarmarane held øyra varme? Trur de at vi kan høyre godt gjennom dei? La elevane bruke lydsensor og termometer for å samanlikne isoleringsevna til ulike materiale. La dei også undersøke om materiala leier straum. Spør: Er det noko mønster i isoleringsevna til ulike materiale? Er det unntak frå mønsteret? Korleis er det med isoleringsevna til vakuum? 

Be elevane gi eit praktisk råd til nokon som ønsker å lage eit lydtett musikkstudio og begrunne rådet.

Faglig forklaring

Luft er ein god varmeisolator. Dei fleste varmeisolatorar verkar ved å fange mykje luft i lommer, bobler eller lag. Pels og ull held oss varme på denne måten. Ein lydisolator stoppar lydbølger fordi han absorberer eller reflekterer vibrasjonanen til lydbølgene. Mjuke eller grove materiale vil ofte absorbere lydvibrasjonar, og også materiale som har fanga inn mykje luft (som doble vindaugsglas). Mange varmeisolatorar er derfor også lydisolatorar. Men nokre materiale med stor tettleik (som tre) kan vere varmeisolatorar, men leier lyd veldig godt. 

Gode elektriske isolatorar let ikkje straumen gå gjennom på grunn av måten partiklane oppfører seg. Materiale som er gode lydisolatorar er ofte, men ikkje alltid, elektriske isolatorar. Stålull kan vere ein god lydisolator, men leier straum. Vakuum hindrar dei fleste energioverføringar, men stoppar ikkje elektromagnetisk stråling. 

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 7. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • undersøke fenomener knyttet til lyd, hørsel og støy, diskutere observasjonene og forklare hvordan lyd kan skade hørselen
  • Etter 10. årstrinn
    • Teknologi og design
      • teste og beskrive egenskaper ved materialer som brukes i en produksjonsprosess, og vurdere materialbruken ut fra miljøhensyn

Materialer og utstyr

øyrevarmar
lydsensor
termometer
ulike materiale (ull, bomull, bobleplast, mineralull, isopor)

Læringsressurs