Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • kjemi 1
  • kjemi 2

Temperaturendringar i reaksjonar

 

5.11 Temperaturendringer i reaksjoner NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.

Spør: Kva for kjemiske reaksjonar kjenner de til? Bruk  tenk-par-del  Spør: Blir desse kalde eller varme? Bland saman natron og eddik. Observer om temperaturen endrar seg. Spør: Kan de forklare det som skjer? Kva trur de eksoterm og endoterm betyr? 

Spør: Kva for energiendring skjer når vi lagar mat? Be elevane lage ei liste med eksempel.

Faglig forklaring

I kjemiske reaksjonar får vi ei energiendring. Nokre kjemiske reaksjonar blir varme. For eksempel når noko brenn, skjer det ein kjemisk reaksjon der oksygen reagerer med noko brennbart, og energi blir frigitt når stoffa bind seg saman. Å legge metall i syre gir ein reaksjon som blir varm. Nokre reaksjonar absorberer energi. For eksempel går temperaturen ned når eddik reagerer med natron. Energi blir tatt frå omgivnadane for å få reaksjonen til å skje. Nokre reaksjonar treng å ha ein høgare temperatur for å starte, men så blir energi frigitt og reaksjonen går av seg sjølv, som magnesium som brenn. Nokre reaksjonar har inga særleg energiendring.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • vurdere egenskaper til grunnstoffer og forbindelser ved bruk av periodesystemet
      • undersøke egenskaper til noen stoffer fra hverdagen og gjøre enkle beregninger knyttet til fortynning av løsninger
  • Etter Vg1 - studieforberedende utdanningsprogram
    • Energi for framtiden
      • forklare hva redoksreaksjoner er, gjøre forsøk med forbrenning, galvanisk element og elektrolyse og gjøre greie for resultatene
  • Etter Vg3 - påbygging til generell studiekompetanse
    • Energi for framtiden
      • forklare hva redoksreaksjoner er, gjøre forsøk med forbrenning, galvanisk element og elektrolyse og gjøre greie for resultatene

Læreplan i kjemi - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Kjemi 2
    • Redoksreaksjoner
      • gjøre forsøk med forbrenningsreaksjoner og forklare hva som skjer

Materialer og utstyr

natron
eddik
termometer