Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2
  • kjemi 1
  • kjemi 2

Leier karbon straum?

 

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Undersøk kva for materiale som leier straum. Prøv metall, karbon, vatn og luft. Spør: Kvifor er det nyttig å vite kva for materiale som leier og ikkje leier straum? 

Be elevane lage ei sikkerheitsbrosjyre for å få folk til å forstå når elektriske leiarar kan vere farlege og kvifor, for eksempel ved å leike nær jernbanen eller ta ut rista brød av brødristaren. 

Faglig forklaring

Elektrisk straum er ein straum av små partiklar som vi kallar elektron, som er del av atoma. I nokre materiale kan elektrona bevege seg lett, og i andre ikkje. Dei ytre elektrona i metallatom er frie og kan bevege seg i mellomrommet mellom atoma. Dette betyr at materialet kan leie straum.

Karbon er ikkje eit metall, men dei fleste formene for karbon har frie elektron. Karbon leier derfor straum, men ikkje like godt som metall gjer. Reint vatn har ikkje frie elektron og leier derfor ikkje straum. Men vatn er som oftast ikkje heilt reint. Dersom det for eksempel er løyst salt i det, vil det leie elektrisitet. 

Elektrisitet kan gå gjennom lufta som ein gnist eller som eit lyn. Dersom du er i nærleiken av ei høgspentleidning eller ber ein metallparaply eller karbonfiskestong, vil ein gnist kunne hoppe frå leidninga og gje deg elektrisk sjokk. 

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 7. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • gjøre forsøk med magnetisme og elektrisitet og forklare og presentere resultatene
  • Etter 10. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • bruke begrepene strøm, spenning, resistans, effekt og induksjon til å forklare resultater fra forsøk med strømkretser

Læreplan i fysikk - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Fysikk 1
    • Klassisk fysikk
      • definere begrepene strøm, spenning og resistans, og bruke prinsippene om bevaring av ladning og energi på enkle og forgreinede likestrømskretser

Materialer og utstyr

gjenstandar av metall og karbon
vatn

Bakgrunnsstoff

Læringsressurs