Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • kjemi 1
  • kjemi 2
  • teknologi og forskningslære x og 1
  • teknologi og forskningslære 2

Kva er smarte materiale?

 

4.10 Hva er smarte materialer NN  

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Spør: Kva veit de om smarte materiale? La elevane søke på internett for å finne ut kva det er og kva slike materiale kan gjere. Spør: Kva kan vere nytten av slike materiale og på kva måtar er slike materiale annleis enn vanlege materiale? Dersom du skulle finne opp eit smart materiale som kunne gjere kva som helst, kva skulle det gjere? Bruk  tenk-par-del

Be elevane lage ein tabell over smarte materiale, kva dei reagerer på og korleis dei reagerer. 

Faglig forklaring

Smarte materiale er en type materiale med spesielle eigenskapar. Nokre eigenskapar kan endre seg når det ytre miljøet endrar seg. For eksempel endrar termokrome materiale farge dersom temperaturen endrar seg, som når du heller varm te i eit krus. Fotokrome materiale endrar farge dersom lysnivået endrar seg, som briller som blir mørkare i sollys. Smarte materiale kan reagere på å bli most eller strekt, eller på fukt, pH, elektrisk felt, magnetisk felt osv. Dei kan endre volum, form, viskositet, leiingsevne eller andre eigenskapar. Mange moderne gjenstandar brukar smarte materiale.

Nanopartiklar skil seg frå smarte material. Nanopartiklar er veldig små samlingar av atom eller molekyl som også har uvanlege eigenskapar. Desse eigenskapane er forårsaka av at dei er så små, fordi dei har ei stor overflate samanlikna med volumet. Dette gjer at nokre av eigenskapane til det enkelte atomet blir viktig, og dette kan påverke ting som elektrisk leiingsevne, absorpsjon av sollys og smeltepunkt. Dei blir ofte bruka til å gjere andre materiale sterkare eller få ei solid overflate. 

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Teknologi og design
      • teste og beskrive egenskaper ved materialer som brukes i en produksjonsprosess, og vurdere materialbruken ut fra miljøhensyn

Læreplan i kjemi - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Kjemi 2
    • Materialer
      • gi eksempler på nanomaterialer, hvordan de framstilles, hva som skiller dem fra vanlige materialer, og hva de kan brukes til

Læreplan i teknologi og forskningslære - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Teknologi og forskningslære X
    • Den unge ingeniøren
      • bruke forskjellige materialer og former for sammenføyninger og begrunne valg av materialer og byggemåte ut fra materialenes egenskaper og konstruksjonens funksjon