Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1

Effekten av avskoging

Kva skjer dersom vi hogg ned skogen?

 

3.14 Effekten av avskoging NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

La elevane gjere aktiviteten Karbonkretsløpet utenfor vinduet. Be elevane lese om skog og klima for å finne ut meir om avskoging og kvar i verda problemet er størst. 

Faglig forklaring

Vi kan ete nytteplanter, men vi kan ikkje ete tre (men nokre tre gjer oss frukt). Likevel er tre nyttige på andre måtar. Planter bind CO2 frå atmosfæren når dei driv fotosyntes og veks. Tre er store og lever lenge, slik at mykje karbon er bunde i cellene deira. Dersom eit tre blir kutta ned, vil alt karbonet bli sleppt ut til atmosfæren når det rotnar eller blir til brensel. Karbonet i tre som har blitt til kol har vore utanfor atmosfæren i millionar av år. Til samanlikning vil nytteplanter fjerne mindre mengder karbon og slepper det raskare tilbake til atmosfæren. Så tre er viktige for å redusere klimaendringar. Dei hjelper også til å stabilisere temperaturen, dei er viktige i vatnets krinslaup og dei forhindrar jorderosjon og flom. Skog er eit rikt leveområde for levande organismar, særleg gir gamle tre eit stort mangfald av leveområde og nisjer. Når trea blir fjerna, vil organismane som er avhengige av dei også døy. 

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Mangfold i naturen
      • observere og gi eksempler på hvordan menneskelig aktivitet har påvirket et naturområde, undersøke ulike interessegruppers syn på påvirkningen og foreslå tiltak som kan verne naturen for framtidige generasjoner
  • Etter Vg1 - studieforberedende utdanningsprogram
    • Bærekraftig utvikling
      • undersøke en global interessekonflikt knyttet til miljøspørsmål og drøfte kvaliteten på argumenter og konklusjoner i debattinnlegg
  • Etter Vg1 - yrkesfaglige utdanningsprogram
    • Bærekraftig utvikling
      • undersøke en global interessekonflikt knyttet til miljøspørsmål og drøfte kvaliteten på argumenter og konklusjoner i debattinnlegg

Nettressurser

(earthlearningidea.com)
(miljostatus.no)