Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1

Kvar bør vi dyrke tomatar?

Er kortreist alltid best? Bør vi dyrke tomatar i drivhus, importere dei eller berre ete tomatar om sommaren? 

 

3.12 Hvor bør vi dyrke tomater NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

La elevane gjennomføre aktiviteteten Bærekraftige epler (byt eventuelt ut til tomatar). 

 

Faglig forklaring

I mange land, som Noreg, kan frukt og grønsaker bli dyrka ute berre i ein kort sesong om sommaren. For å kunne ha frukt og grønt heile året, må vi dyrke i drivhus eller importere frå andre land. Å varme opp drivhus og frakte mat krev energi. Dersom energien kjem frå fossilt brensel, aukar CO2-nivået i atmosfæren. Drivhus kan bli varma opp med fornybar energi, men transport er vanskelegare å få til med fornybar energi. Å ete mat som veks i vårt eige klima reduserer energien som krevst for å produsere og transportere han. Dette er komplisert fordi i nokre land er det å produsere mat for eksport viktig for å skape arbeidsplassar. Store firma har kjøpt land frå småbønder i Afrika og Asia, slik at bøndene har mista inntektsgrunnlaget sitt. 

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter Vg1 - studieforberedende utdanningsprogram
    • Bærekraftig utvikling
      • kartlegge egne forbruksvalg og argumentere faglig og etisk for egne forbruksvalg som kan bidra til bærekraftig forbruksmønster
  • Etter Vg1 - yrkesfaglige utdanningsprogram
    • Bærekraftig utvikling
      • kartlegge egne forbruksvalg og argumentere faglig og etisk for egne forbruksvalg som kan bidra til bærekraftig forbruksmønster

Læringsressurs