Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1

Drivhuseffekten

Korleis verkar drivhuseffekten?

 

3.11 Drivhuseffekten NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Spør: Kva er drivhuseffekten? La elevane utforske Viten-objektet om drivhuseffekten.

Faglig forklaring

Stråling frå sola går gjennom verdsrommet og til jorda. Noko stråling blir reflektert tilbake til verdsrommet. Land, hav og atmosfære absorberer noko av strålinga, og strålar ut infraraud stråling, noko av denne går ut i verdsrommet. Drivhusgassar i atmosfæren absorberer noko av den infraraude strålinga og strålar noko tilbake til jordoverflata. Dette hindrar stråling å forsvinne ut i verdsrommet, på denne måten blir jorda varmare. Dette er ein naturleg prosess. Vassdamp, karbondioksid og metan er drivhusgassar. Å forbrenne fossilt brensel aukar mengda av karbondioksid, og dette aukar drivhuseffekten.

Karbondioksid gjer regnet svakt surt, men det er først og fremst NO2 og SO2 som reagerer med vassdråper i atmosfæren slik at dei blir surare. Ozon er ein sjeldan variant av oksygen som vi finn høgt oppe i atmosfæren. Det absorberer skadeleg ultrafiolett stråling, men skapar ikkje drivhuseffekten. Det er eit «hol» i ozonlaget over Nord- og Sørpolen, som kjem av gassar som KFK (klorfluorkarbonar). 

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter Vg1 - studieforberedende utdanningsprogram
    • Stråling og radioaktivitet
      • forklare hva drivhuseffekt er, og gjøre rede for hvordan menneskelig aktivitet endrer energibalansen i atmosfæren
  • Etter Vg3 - påbygging til generell studiekompetanse
    • Stråling og radioaktivitet
      • forklare hva drivhuseffekt er, og gjøre rede for hvordan menneskelig aktivitet endrer energibalansen i atmosfæren

Læringsressurs