Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2

Er kjernekraft grøn energi?

Kva skjer ved eit kjernekraftverk?

 

3.6 Er kjernekraft grønn energi_NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Spør: Kva trur de folk meiner når dei snakkar om grøn energi? Korleis verkar eit kjernekraftverk? Kva slags brensel brukar ein kjernereaktor? Kva slags avfall produserer eit kjernekraftverk og kvar skjer med avfallet? Be elevane lese: teksta om kjernekraftverk frå Institutt for energiteknikk og leksikontekst om kjernekraftverk og sjå animasjon om kjernekraft for å finne svar. Be dei noter stikkord om det dei finn ut.

Be elevane lage ein tabell som viser fordelar og ulemper til kjernekraft samanlikna med andre alternativ. Be dei tenke at dei er energiminister og bruke tabellen til å skrive ein kort erklæring om vi skal investere i kjernekraftverk i framtida eller ikkje.

Faglig forklaring

Kjernereaktorar brukar radioaktive stoff for å varme vatn, som igjen blir brukt til å lage elektrisitet. Kjernereaksjonar frigir mykje energi utan å bruke mykje radioaktivt brensel. Radioaktivt brensel vil vere tilgjengeleg i tusenvis av år, men det er energikrevjande å utvinne det. Det krevst energi og ressursar for å bygge kjernekraftverk, og dei blir farlegt radioaktive når dei blir for gamle og går ut av bruk. Dei produserer ikkje drivhusgassar som karbondioksid, men dei produserer radioaktivt avfall som nøye må bli tatt hand om. Noko av avfallet må bli lagra i hundrevis eller tusenvis av år før det er trygt, og kjernekraftulukker kan vere veldig alvorlege. Alt i alt er kjernekraftverk mykje meir energieffektivt enn kol, gass og olje. 

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter Vg1 - studieforberedende utdanningsprogram
    • Stråling og radioaktivitet
      • gjennomføre forsøk med radioaktivitet, halveringstid og bakgrunnsstråling, forklare fenomenene og gjøre enkle beregninger
  • Etter Vg3 - påbygging til generell studiekompetanse
    • Stråling og radioaktivitet
      • gjennomføre forsøk med radioaktivitet, halveringstid og bakgrunnsstråling, forklare fenomenene og gjøre enkle beregninger

Læreplan i fysikk - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Fysikk 1
    • Moderne fysikk
      • bruke bevaringslover til å beskrive fisjons- og fusjonsprosesser og beregne frigjort energi i slike prosesser