Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • biologi 1
  • biologi 2

Kvifor veks det ikkje så mange planter under grantrea?

Mange planter klarer ikkje å leve i den mørke granskogen.

 

2.11 bartrær NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Sjå på bilde av granskog. Be elevane sjå på kor mykje vegetasjon det veks under trea. Snakk saman om kvifor det er slik. Samanlikn med sommar- og vinterbilde av lauvskog. Spør: Kva for forskjellar kan de sjå? Snakk saman om kvifor det er forskjellar. 

Faglig forklaring

Det er mange grunnar til at det ikkje veks så mange planter under grantrea. Grantre står ofte tett saman, slik at dei blokkerer det meste av lyset og gjer det vanskeleg for andre planter å drive fotosyntese. Men nokre planter trivst godt under skuggen frå grantrea. Ein annan utfordring er at grantre tar opp mykje av vatnet. Dei tar også mykje av nitrogenet og andre næringsstoff i jorda. Daude barnåler gir eit surt jordsmonn. Sopp veks godt under grantrea, fordi dei ikkje sjølve driv fotosyntese, men får næring frå trea. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • utforske sammenhenger mellom abiotiske og biotiske faktorer i et økosystem og diskutere hvordan energi og materie omdannes i kretsløp (KM824)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)