Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • biologi 1
  • biologi 2

Korleis får ein malaria?

Korleis smittar eigentleg malaria?

 

2.9 Grubleteikning - Korleis kan vi få malaria (nynorsk)

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Spør: I kva for delar av verda er det vanleg med malaria? Korleis er klimaet på desse stadene? 

Be elevane finne ut kvar mygg lever, korleis dei får mat og kvar dei legg egg. Sei: Vi blir råda til å sove under myggnett og bruke insektsmiddel som vern mot malaria i malariaområde. Korleis verkar desse råda?

Be elevane lage ei helsebrosjyre for folk som skal flytte til eit land der malaria er vanleg. 

Faglig forklaring

Malaria blir spreidd med homygg når dei syg blod av menneske. Når ein infisert mygg stikk deg, vil nokre mikroorgansimar som vi kallar protistar komme inn i blodbanen. Desse protistane forårsakar malaria. Protistane treng både menneske og mygg for å formere seg og livssyklesen deira er ganske komplisert. Berre mygg som har soge blodet til eit infisert menneske kan vere berar av malaria protistar. 

Nokre trur at ein kan få malaria ved å drikke skittent vatn, men det stemmer ikkje. Mygg formerer seg i stille vatn, slik at varme stadar med store mengder med still vatn vil ha fleire mygg som kan spre sjukdomen. 

Namnet malaria kjem frå det italienske ordet for dårleg luft, fordi folk trudde at luft frå rotnande materiale kunne gje sjukdom, men dette stemmer heller ikkje. 

 

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Mangfold i naturen
      • undersøke og registrere biotiske og abiotiske faktorer i et økosystem i nærområdet og forklare sammenhenger mellom faktorene
    • Kropp og helse
      • forklare hvordan egen livsstil kan påvirke helsen, herunder slanking og spiseforstyrrelser, sammenligne informasjon fra ulike kilder, og diskutere hvordan helseskader kan forebygges

Læreplan i biologi - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Biologi 1
    • Fysiologien til mennesket
      • gjere greie for korleis immunforsvaret og andre delar av infeksjonsforsvaret verkar
    • Funksjon og tilpassing
      • gjere greie for hovudtrekk i formeiringa av planter og dyr, sett i samanheng med utviklinga av livet på jorda