Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • biologi 1
  • biologi 2

Kva gjer sprøytemiddel?

Kan bruk av sprøytemiddel gi utilsikta verknadar?

 

2.6 sprøytemiddel NN

 

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Studer bladlus på ei plante eller sjå på bilde. Be elevane finne informasjon i bøker eller på Internett om kva bladlus et, kva for dyr som et bladlus og kva for næringskjeder dei inngår i. Diskuter kvifor ein gartnar vil ønske å drepe dei. Spør: Korleis trur de at ein økologisk gartnar kan unngå bladlus utan å bruke sprøytemiddel?

Be elevane skissere næringskjeder som inneheld bladlus og beskrive kva for effekt dei trur sprøytemiddel og biologisk kontroll kan ha. Be dei bruke Internett for å sjekke om det dei trudde stemte.

 

Faglig forklaring

Bladlus er ei insektsgruppe som et næringsrik saft frå planter. Dei formerer seg raskt og bli til mange hundre bladlus som syg så mykje saft frå ei plante at ho kan bli skada eller til og med døy. Nokre sprøytemiddel drep bladlus og ikkje noko anna, men mange sprøytemiddel drep også nyttige insekt. Bladlus er små, saftige og treige, så dei er eit perfekt måltid for predatorar. Dersom bladlusene har fått i seg sprøytemiddel, vil dei som et dei også få i seg sprøytemiddel. Kvar predator kan ete mange bladlus, så dei vil få i seg mykje meire sprøytemiddel og kanskje bli forgifta. Dersom bladlusene blir drept av sprøytemiddelet, vil predatorane kunne svelte, avhengig av kva for andre matkjelder som er tilgjengelege. Bladlus kan bli fjerna biologisk ved å sette ut predatorar som et dei. Gartnarar kan sette ut marihønelarver i hagen. 

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Mangfold i naturen
      • undersøke og registrere biotiske og abiotiske faktorer i et økosystem i nærområdet og forklare sammenhenger mellom faktorene
      • observere og gi eksempler på hvordan menneskelig aktivitet har påvirket et naturområde, undersøke ulike interessegruppers syn på påvirkningen og foreslå tiltak som kan verne naturen for framtidige generasjoner
  • Etter Vg1 - studieforberedende utdanningsprogram
    • Bærekraftig utvikling
      • gjøre rede for faktorer som virker inn på størrelsen til en populasjon
  • Etter Vg1 - yrkesfaglige utdanningsprogram
    • Bærekraftig utvikling
      • gjøre rede for faktorer som virker inn på størrelsen til en populasjon

Læreplan i biologi - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Biologi 2
    • Økologi
      • gjere greie for faktorar som regulerer vekst og storleik av populasjonar og forvalting av bestandar i eit berekraftig perspektiv