Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • biologi 1
  • biologi 2

Kva er i ei næringskjede?

Er det slik at alle næringskjeder startar med planter? Eller er det andre organismar som kan lage sin eigen mat?

 

2.5 næringskjede NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.

Sei: Mat gir oss energi, men kvar kjem energien i maten frå? Be elevane tenke på ein favorittrett og prøve å skrive opp næringskjeda som viser kvar energien i denne maten kjem frå. Spør: Begynner alle næringskjeder som de kan komme på med planter? Be dei snakke saman to og to for å finne ein næringskjede som ikkje startar med ei plante.

Be elevane lage ei næringskjede som inneheld ein kjøttetande plante. Kven kan lage den lengste næringskjeda?

Faglig forklaring

Næringskjeder beskriver overføring av energi i eit leveområde. Grøne planter brukar energien i sollyset for å lage sukker gjennom fotosyntesen. Vi kallar dei produsentar fordi dei produserer sin eigen mat. Algar er ikkje planter, men dei har også fotosyntese. Derfor vil nokre næringskjeder begynne med algar som produsentar, særleg i havet. Nokre bakteriar kan skaffe seg energi frå uorganiske stoff som hydrogensulfid, så bakteriar kan også vere produsentar i ei næringskjede. Dette kan skje djupt nede i havet der varmt vatn, gassar og andre stoff kjem ut frå jordskorpa.

Dyr skaffar seg energi ved å ete andre organismar. Uten planter, algar og bakteriar ville det ikkje ha vore energi tilgjengeleg for dyr, sidan dei ikkje kan lage sin eigen mat. Alle næringskjeder sluttar med nedbrytarar (sopp og bakteriar) som bryt ned daude organismar. Kjøttetande planter er planter som kan fange, drepe og fordøye dyr som fluger. Desse plantene har fotosyntese, men dei får også næringsstoff gjennom å ete dyr. 

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Mangfold i naturen
      • undersøke og registrere biotiske og abiotiske faktorer i et økosystem i nærområdet og forklare sammenhenger mellom faktorene

Læreplan i biologi - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Biologi 2
    • Energiomsetning
      • forklare korleis lysenergi kan overførast til kjemisk bunden energi i fotosyntesen, og korleis energien blir brukt til å produsere glukose
    • Økologi
      • gjere greie for krinsløpet til karbonet og nitrogenet i eit økosystem, og korleis miljøgifter blir konsentrerte i næringskjeder
      • gjere greie for korleis energistraumen mellom trofiske nivå påverkar økosystemet