Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • biologi 1
  • biologi 2

Store øyre hos kaninar

Kva nytte har kaninar av dei store øyra sine?

 

2.3 kaninar NN

 

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.

Be elevane finne informasjon i bøker og på Internett om øyra til kaninar. Korleis dei ser ut, korleis dei er bygde opp innvendig og kva dei blir bruka til. Spør: Kvifor trur de at øyra til kaninane stikk opp når dei et? Kaninar kommuniserer ved å trampe med føtene eller rynke på nasen. Kva trur det det betyr?

Faglig forklaring

Kaninar sveittar ikkje. Øyra deira er tynne med god blodgjennomstrøyming. Dette hjelper kaninen med å kjøle seg ned når det er varmt. Kaninar brukar også øyra til å kommunisere. Når dei er avslappa, peikar øyra bakover, men når dei føler seg trua, er øyra meir oppreiste. Hovudgrunnen for størrelsen på øyra er vern. Kaninane et på låge planter, og hovudet er nedbøygd når dei et. Med dei store, sensitive øyra kan dei høyre rovdyra på god avstand og røme unna. Kaninane kan bevege øyra kvar for seg i ulike retningar for å vurdere kvar lyden kjem frå og flykte frå faren. Harar har normalt enda lenger øyra enn kaninar, men polarharen har korte øyra. 

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i biologi - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Biologi 1
    • Funksjon og tilpassing
      • samanlikne bygning og funksjon av organsystem hos ulike dyregrupper, med vekt på sirkulasjon, gassutveksling og utskiljing, sett i samanheng med tilpassing til ulike levevilkår
      • gje døme på og grunngje korleis åtferd som kjem av evolusjon, er ein del av tilpassinga til omgjevnadene