Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • biologi 1
  • biologi 2

Kor mange sansar har vi?

Er det slik at vi berre har fem sansar? Eller har vi fleire?

 

2.1 sansar NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.

Diskuter med elevane kva det er vi kan sanse. Sei: Vi snakkar gjerne om dei fem hovudsansane syn, hørsel, smak, lukt og berøring, men det er fleire ting vi kan sanse. Korleis kan vi finne ut kva som er ein sans og om vi må ha fleire sanseorgan for å ha fleire sansar? Korleis er det med andre dyr? Finst det dyr som kan sanse ting vi ikkje kan? Be elevane lage ei liste over dyr som har sansar som vi ikkje har. Be elevane velje ein av sansane som ikkje er av dei fem vanlege og lage ei liste over kva for nytte denne sansen gjer. 

Faglig forklaring

Vi har kjent til dei tradisjonelle sansane smak, lukt, syn, hørsel og berøring i mange år. Forskarar seier nå at vi har fleire sansar, slik som reseptorar i huda som sansar varme og kulde, det indre øyret som sansar kroppens stilling, bevegelse og retning, reseptorar i musklane og senene som sansar kvar ulike delar av kroppen (slik at du kan røre ved nasen din med auga lukka) og reseptorar i ulike organ som sansar smerte. Det finst óg mange ulike reseptorar inni kroppen som sansar kor mykje oksygen og karbondioksid det er i blodet, kva temperaturen inni kroppen er og når urinblæra må tømmast. Vi pleier ofte ikkje å tenke på desse sanseorgana fordi dei ikkje er like tydelege som auga og øyrene. Desse "ekstra" sansane må vere nyttige, ellers ville dei ikkje ha utvikla seg slik dei har gjort. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Kropp og helse (KE71)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)