Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • biologi 1
  • biologi 2

Kan planter føle noko?

Korleis veit planter kva for veg dei skal vekse?

 

1.10 Are plants sensitive NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Be elevane snakke saman to og to om korleis dei trur at planter veit kva for veg dei skal vekse. Spør: Korleis trur de at frø klarar å vekse i riktig retning for å komme opp av jorda?

La nokre frø spire, og følg med på om alle skudda veks oppover. Endre vinkelen til nokre av dei spirande plantene, og følg med på kva som skjer med skudda. Spør: Kva trur de skjer med frø som spirer i eit romskip der tyngdekrafta er null?

Tekstoppdrag: Finn informasjon om Charles Darwins eksperiment på planteauxin, og lag ein plakat for å vise kva han lærte og kor viktige oppdagingane hans var.  

Faglig forklaring

Levande organismar er følsame for omgivnadane. Dette er eit av kriteria for at noko er levande. Planter har ikkje noko nervesystem. I staden brukar dei hormon som kallast auxin som verkar som kjemiske budbringarar. Desse auxina gjer planta i stand til å oppfatte noko av det som finst i miljøet rundt, slik som kva som er opp og ned og i kva for retning lyset kjem frå. Auxin kontrollerer mange av dei indre prosessane i planta, slik som celledeling og -utviding, utvikling av frukt og bladfelling. I celler i skuddspissen gjer auxin at det nedre cellelaget delar seg og blir utvida, slik at spissen blir dytta oppover i motsett retning av tyngdekrafta. Auxin hopar seg opp på skuggesida av skuddet, og gjer at cellene på denne sida delar seg og blir utvida, slik at skuddspissen blir dytta mot lyset. 

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i biologi - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Biologi 1
    • Funksjon og tilpassing
      • forklare korleis opptak og transport av vatn og oppløyste stoff skjer hos planter, og diskutere kva slag tilpassing planter kan ha til ulike levevilkår
      • drøfte korleis ytre faktorar påverkar vekst og utvikling hos planter

Materialer og utstyr

frø

Læringsressurs

Nettressurser

(darwin-online.org.uk)