Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • biologi 1
  • biologi 2

Når er det ein baby?

Kva kallar vi dei ulike stadia i fosterutviklinga?

 

Når er det ein baby?

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Vis bilde av korleis ein baby utviklar seg i livmora. Spør: Når kan vi sjå at det er eit menneske under utvikling? Definer omgrepa zygote, embryo og foster, og sjå korleis desse passer med bilda. Spør: Kvifor trur de hovudet til babyen er så stort?

Be elevane lage ei tidslinje for å forklare nokon andre om dei ulike stadia i utviklinga av ein baby.

Faglig forklaring

Utviklinga av ein baby følger fleire stadium. Befruktninga skjer når ei sædcelle smeltar saman med ei eggcelle i kvinna. Sædcella og eggcella kallast kjønnsceller. Det befrukta egget kallast ein zygote. 12 timar etter befruktning startar zygoten å dele seg i fleire celler. Nokre dagar seinare er celleballen på størrelse med eit knappeholshovud og festar seg til livmorveggen. Morkaka og navlestrengen startar å utvikle seg. Celleballen kallast eit embryo i fleire veker, fram til dei viktigaste organa startar å utvikle seg. Da kallar vi det eit foster fram til fødselen. Men mange kallar det ein baby eller eit barn tidlegare enn dette. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Kropp og helse (KE71)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Nettressurser