Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • fysikk 2

Lys og gravitasjon

Lys og gravitasjon

Dersom ein ball blir skutt ut horisontalt mellom to vertikale og parallelle veggar, vil ballen bli kasta fram og tilbake og falle ein vertikal avstand på 4,9 meter på 1 sekund i eit homogent gravitasjonsfelt. Dersom veggane var ideelle speglar og ein horisontal lysstråle blei sendt ut mellom dei, vil lyset bli reflektert fram og tilbake og på 1 sekund falle ein vertikal avstand på

a)  null meter.

b)  mellom null og 4,9 m.

c)  4,9 m.

d)  lengre enn 4,9 m.

Faglig forklaring

Svar: c) 4,9 m

Tenk deg at dei parallelle veggane er inni ein heis som startar med å falle fritt frå ro i den augneblinken som både ballen og ein lysstråle blir sendt ut horisontalt. For ein observatør inni heisen er heisen eit tregleiksystem, eit system der Newtons første lov gjeld. (Det er som om dei er i eit romskip i bane rundt jorda, der astronautane flyt og driv omkring som i eit gravitasjonsfritt rom). For denne observatøren vil ballen og lysstrålen fortsette å bli kasta fram og tilbake i ei horisontal og rett linje. Men for ein observatør som står på jorda, vil heisen, ballen og lysstrålen alle falle den same avstanden i det første sekundet, nemleg 4,9 meter.

Lys og gravitasjon – svar – snakkeboble2 Lys og gravitasjon – svar

 

Lys og gravitasjon – svar – snakkeboble1