Diskusjonsoppgave

Passer for

  • fysikk 1

Bør eg skru av luftavkjølinga?

Dersom du ønskjer å spare energi og du skal ut av det avkjølte huset ditt i ein halvtime eller noko tilsvarande på ein veldig varm dag, da burde du

a) skru termostaten på luftavkjølinga litt opp.

b) skru termostaten heilt av.

c) la termostaten bli verande på den temperaturen termostaten allereie har.

Luftavkjøling

Faglig forklaring

b) skru termostaten heilt av.

Skru av heile luftavkjølingsanlegget og spar energi! Energien som lek inn i huset ditt, avheng av isolasjonen og forskjellen i temperatur, ∆T, mellom innsida og utsida. Dersom ∆T er stor, så er energibruken større. Dersom du skrur av luftavkjølinga, så minimaliserer du både ∆T og dermed energibruken.

Spørsmålet vidare er om det vil auke behovet for energi når huset skal avkjølast igjen når du kjem heim? Ikkje i det heile tatt. Når du kjem heim og skrur på luftavkjølingsanlegget igjen, vil du overføre varmeenergi ved ein mindre ∆T. Energimengda som blir brukt for å få romtemperaturen til den opphavlege kjølige temperaturen, er mindre enn mengda energi som trengst for å halde temperaturen på same kjølige nivå kontinuerleg.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i fysikk - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Fysikk 1
    • Klassisk fysikk
      • gjengi og drøfte kvalitativt termofysikkens første og andre lov