Diskusjonsoppgave

Passer for

  • fysikk 1
  • fysikk 2

Energiformer ved fisjon

Energiformer ved fisjon

Når ein U-235 kjerne absorberer eit nøytron og gjennomgår en kjernefisjon, blir omtrent 200 MeV energi frigjort. Men i kva form? Mesteparten av energien blir frigjort som

a)  gammastråling.

b)  kinetisk energi til dei frigjorte nøytrona.

c)  kinetisk energi til fisjonsfragmenta.

d)  varmenergi.

e)  alle desse formene, omtrent likeleg fordelt.

Faglig forklaring

c) kinetisk energi til fisjonsfragmenta.

Noko energi blir sendt ut som gammastråling og noko blir til kinetisk energi til dei frigjorte nøytrona, men mesteparten blir til kinetisk energi hos fisjonsfragmenta. Dei positivt ladde fragmenta fråstøyter kvarandre og rasar frå kvarandre med stor fart. Denne energien blir så fordelt til mange atom som indre energi. Energien blir til varmeenergi og spreier seg som varme.

Energiformer ved fisjon - snakkeboble NN