Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • fysikk 1

Kokekar

Du er konsulent for eit firma som lagar utstyr til matlaging. Dei ønskjer å lage eit kokekar som skal ha desse to eigenskapane:

1.     absorbere termisk energi frå ein flamme så raskt som mogeleg

2.     ha ei indre overflate som forblir så varm som mogeleg når den blir varma opp 

Du bør då tilrå ei panne med kokekar 1

a)        svart overflate både innvendig og utvendig

b)        blank overflate både innvendig og utvendig

c)        blank overflate utvendig og svart innvendig

d)        svart overflate utvendig og blank innvendig

Faglig forklaring

d) svart overflate utvendig og blank innvendig 

Fargen på kokekar gjer lite for varmeoverføringa som varmeleiing og konveksjon, som er svært viktige prosessar når vi lagar mat. Men for energioverføring ved stråling gjer fargen mykje. Overflater som absorberer meir synleg lys er svarte, og det same er vanlegvis tilfelle for infraraud stråling. Svarte flater absorberer stråling betre enn blanke metallflater. Derfor lønner det seg å velje svarte utvendige flater.

Innvendig ønskjer vi oss ei overflate som kan halde på varmeenergien, altså ei flate som dårleg sender ut energi. Sidan flater som lett absorberer energi, også strålar best, styrer vi unna svarte innvendige flater. Blanke overflater er gode reflektorar og dårlege til å stråle, og derfor vel vi indre overflater som er blanke.

kokekar 2

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • gjøre forsøk og enkle beregninger med arbeid, energi og effekt

Læreplan i fysikk - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Fysikk 1
    • Klassisk fysikk
      • gjengi og drøfte kvalitativt termofysikkens første og andre lov

Vedlegg