Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • fysikk 1

Radioaktiv granitt

Vanlege granittsteinar inneheld spor av uran og andre radioaktive mineral som gir ei energimengd på omtrent 0,03 joule per kilogram kvart år. Granitten på overflata til jorda overfører denne energien til omgivnadene praktisk talt med ein gong han er danna. Det er grunnen til at vi ikkje kan finne spesielt varm granitt. Men bergartar i det indre av jorda som er meir isolert, blir ganske varm - varm nok til å halde det indre flytande, varme opp lava og skaffe nok energi til dei naturlege varme kjeldene.

Grubleoppgave om varme: Radioaktiv granitt

Faglig forklaring

  1. For å auke temperaturen med 500 oC i granitt treng vi 500 K x 800 J/kgK = 400 000 J per kilogram granitt. Derfor vil tida vi treng vere (400 000J/kg)(0,03 J/kg år) = 13,3 millionar år. Kanskje ikkje så rart at det forblir varmt der nede!
  2. Prosessen fortset, men fordi jorda si indre er langt frå perfekt isolert så lek varmeenergi ut mot overflata. Der forsvinn energien vidare ut i verdsrommet på grunn av temperaturstråling frå jorda.