Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • fysikk 1

Gå på glødande kull

Gå på glødende kull 1

Professor John kan gå raskt barfot over raudglødande trekol utan å skade seg på grunn av

a)      overnaturlege evner

b)      grunnar som ligg utanfor dei vanlege fysikkforklaringane

c)      grunnleggjande kunnskapar frå fysikken

Faglig forklaring

c) grunnleggjande kunnskapar frå fysikken

For det første brukte han trekol som er ein særs dårleg varmeleiar. Tre er ein dårleg varmeleiar sjølv når det har høg temperatur. Dette er noko av grunnen til at handtak på kokereiskapar er laga av tre. Sjølv når treet er raudglødande, så tillèt den dårlege konduktiviteten at vi tar nokre raske skritt utan overføring av mykje varme. Høy temperatur og kor mykje energi som blir overført, er to heilt forskjellige fenomen. For det andre så blir også mindre varme overført til føtene dine dersom dei er fuktige av sveitte eller våte etter å ha gått i graset. Kvifor? Det er to grunnar til det: noko av energien går med til å fordampe fukta og når fukta blir til damp (gass), så dannar ho eit isolerande lag rundt foten. Det er derfor du gjer fingeren din litt våt før du rører eit varmt strykejern.

 

Gå på glødende kull 2

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • gjøre forsøk og enkle beregninger med arbeid, energi og effekt

Læreplan i fysikk - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Fysikk 1
    • Klassisk fysikk
      • gjengi og drøfte kvalitativt termofysikkens første og andre lov