Diskusjonsoppgave

Passer for

  • fysikk 1

Vind og tonehøgd

grubleoppgave om bølger og lyd: vind og tonehøyde 1

Påverkar vinden tonehøgda til ei fabrikkfløyte som du høyrer på ein dag det blæs?

Dersom så er tilfelle, kvifor?

Dersom så ikkje er tilfelle, kvifor ikkje?

Faglig forklaring

Vinden påverkar ikkje tonehøgda(frekvensen). Vinden påverkar lydfarten, fordi mediet som gir lyden, flyttar seg. Men bølgjelengda endrar seg i tråd med vindfarten, derfor blir det ikkje nokon endringar i frekvens eller tonehøgd. Dette kan du kanskje sjå med følgjande analogi:

Anta at ein venn plasserer ei pakke på eit transportband, la oss seie med ein «frekvens» på ei pakke per sekund. I den andre enden av bandet fjernar du ei pakke per sekund. Sett at farten til transportbandet aukar og at vennen din framleis set ei pakke per sekund på bandet. Ser du no at pakkene (som no står litt lengre frå kvarandre) framleis kjem til deg med frekvensen ei pakke per sekund?

 

grubleoppgave om bølger og lyd: vind og tonehøyde 2

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i fysikk - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Fysikk 1
    • Klassisk fysikk
      • definere og regne med begrepene frekvens, periode, bølgelengde og bølgefart, og forklare kvalitativt bøynings- og interferensfenomener