Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10

Tur-retur i vind

Grubleoppgave om Rettlinjet bevegelse: Rett tur-retur i vind 1

Eit fly flyg fram og tilbake mellom to byar, alle med den same farten i forhold til lufta. Dersom flyet blir utsett for ein svak og konstant vind bakfra på turen den eine vegen og ein svak og konstant motvind på turen tilbake, vil då tur-returen ta lenger, kortare eller den same tida samanlikna med turen utan vind?

Grubleoppgave om Rettlinjet bevegelse: tur retur i vind 2

Faglig forklaring

Lenger tid

Turen med vind vil ta lenger tid, som eit kvart taleksempel vil vise. Anta at byane ligg 600 km frå kvarandre og at flyfarten i forhold til lufta er 300 km/t. (relativt til luft i ro). Då vil turen ta 2 timar kvar veg. Tur-retur tek 4 timar. Anta at vinden bakfra har farten 100 km/t, slik at farten i forhold til bakken blir (300 + 100) km/t. Då vil turen den eine vegen ta 600 km/(400 km/t), eller 1,5 time. Returfarten i forhold til bakken vil vere (300  100) km/t, og tida tilbake blir 600 km/(200 km/t), eller 3 timar. Turen med vind vil altså ta 4,5 timar, som er lenger enn turen utan vind.