Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10

Symjing i elv

svømming i elv

Anta at du og eit par redningsbøyer flyt nedover ei elv som strøymer raskt, som vist i figuren. Du ønskjer å kome deg i tryggleik til ei av redningsbøyene. Ein ligg 3 meter nedstraums frå deg, og den andre ligg 3 meter oppstraums frå deg. Kven av bøyene kan du raskast symje til?

a)      Redningsbøya oppstraums 

b)      Redningsbøya  nedstraums 

c)      Begge krev like lang tid

Faglig forklaring

c)  Begge krev like lang tid

For å forstå dette kan du tenkje deg at du er i eit symjebasseng på eit hurtiggåande cruiseskip. Dersom begge redningsbøyene ligg like langt frå deg i symjebassenget, vil symjeturen til begge to ta same tid. Farten til cruiseskipet har ikkje noko å seie, akkurat som det ikkje har noko å seie for folk som spelar biljard eller bowling. I den hurtigstrøymande elva er du som ein person i symjebassenget om bord i eit cruiseskip - symjeturen til den eine eller den andre redningsbøya tek like lang tid.

svømming i elv 2