Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • fysikk 1

Kor stor spegel?

Hvor stort speil 1

Kor stor spegel treng du for å kunne sjå heile deg? Den minste lengda med ein plan spegel må vere

a)      ¼ av høgda di

b)      ½ av høgda di

c)       ¾ av høgda di

d)      Lik høgda di

e)      .. det avheng av avstanden din frå spegelen

Faglig forklaring

b) ½ av høgda di.

Dersom du ser halvvegs inn og ned i ein plan spegel føre deg, kan du sjå tærne dine, heilt i tråd med refleksjonslova. Dersom du ser inn i ein plan spegel under midtlinja til spegelen, så ser du golvet og ikkje deg sjølv. Ved å sjå rett fram inn i spegelen, ser du auga dine. Dersom du ser inn i området i spegelen som ligg over midtlinja mellom auga dine og toppen av hovudet, ser du toppen av hovudet ditt. Du kan ikkje sjå biletet av deg i spegelen over denne midtlinja. Halvvegs opp og halvvegs ned - det er ein spegel som er halvparten av høgda di. Som du ser av figuren nedanfor: avstanden frå spegelen har ingenting å seie.

 

Hvor stort speil 2