Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • fysikk 1

Tautrekking på is

Grubleoppgave om Newtons 3. lov: Tautrekking på is 1

To personar med same masse og som står 6 meter frå kvarandre, prøver seg på tautrekking på friksjonsfri is. Dersom begge trekkjer i kvar si ende med like store krefter, vil begge skli 3 meter til eit punkt midtvegs mellom dei. Anta no at berre ein av personane trekkjer i tauet og den andre festar tauet rundt livet. Kor langt sklir kvar person no?

Grubleoppgave om Newtons 3. lov: Tautrekking på is 2

Faglig forklaring

Begge sklir framleis 3 meter, uansett om dei trekkjer med vilje eller ikkje. I kvar ende av tauet er det ein vekselverknad i tråd med Newtons tredje lov. Dersom den første personen trekkjer i tauet med ei bestemt kraft, trekkjer tauet tilbake på denne personen med ei like stor kraft, som får personen til å akselerere. Denne krafta frå personen på tauet blir overført gjennom tauet til å bli ei kraft som verkar på den andre personen. Det vil seie at den andre personen blir utsett for ei like stor kraft som den første personen, og dei får derfor den same akselerasjonen (i motsette retningar).

Grubleoppgave om Newtons 3. lov: Tautrekking på is 3