Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • fysikk 1

Kraft og motkraft

  Grubleoppgave om Newtons lover: Kraft og motkraft 1

Sjå på eplet som ligg i ro på bordet. Krafta som skuldast gravitasjonen verkar på eplet. Kva er motkrafta til denne krafta i følgje Newtons tredje lov?

Faglig forklaring

Motkrafta er eplet som trekkjer på jordkloden, og ikkje krafta frå bordet. Når du skal identifisere eit kraftpar som utgjer ei kraft og motkraft i ein kva som helst situasjon, skal du først identifisere kva for objekt som er involverte i vekselverknaden. Noko vekselverkar med noko anna. I dette tilfellet er det heile jorda som vekselverkar (via gravitasjonen) med eplet. Jorda trekkjer altså på eplet nedover (som er krafta), mens eplet trekkjer oppover på jorda (som er motkrafta).

Enkelt sagt: Jorda trekkjer på eplet og eplet trekkjer på jorda. Enda betre sagt: Det er ein einaste vekselverknad mellom eplet og jorda, og dei trekkjer samtidig på kvarandre med like store krefter.

Grubleoppgave om Newtons lover: Kraft og motkraft 2