Diskusjonsoppgave

Passer for

  • fysikk 1

Kvar er motkrafta?

Til kvar kraft finst det ei motsett retta og like stor kraft. Vi skal sjå på kraft og motkraft i tilfellet der ein stein fell fritt på grunn av gravitasjon. Dersom krafta som verkar på steinen er gravitasjonen, kvar vil du då finne motkrafta til denne krafta?

Grubleoppgave om Newtons 3. lov: Hvor er motkraften

Faglig forklaring

Svar: Steinen som fell trekkjer på jorda.

Oppskrifta for kraft og motkraft er enkel nok: Dersom A verkar med ei kraft på B, så verkar B med ei kraft på A. Det er svært viktig å fastsetje kva som er A og B. I dette tilfellet er jorda A som trekkjer på steinen B som fell. Motkrafta er då krafta frå steinen som fell (B), på jorda (A). Betyr det at akselerasjonen til steinen og jorda må vere den same? Ikkje i det heile tatt, fordi massen til jorda er mykje større enn massen til steinen.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i fysikk - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Fysikk 1
    • Klassisk fysikk
      • identifisere kontaktkrefter og gravitasjonskrefter som virker på legemer, tegne kraftvektorer og bruke Newtons tre lover