Diskusjonsoppgave

Passer for

  • fysikk 1

Akselerasjon og snorkraft

Grubleoppgave om Newtons lover: Akselerasjon og snorkraft 1

I begge systema får ei kraft på 10 N kloss A til å akselerere. Akselerasjonen til kloss A er

a)      den same i begge system

b)      større i ein-klossystemet

c)      større i to-klossystemet

Strekket i snora er

d)      det same i begge system

e)      større i ein-klossystemet

f)       større i to-klossystemet

Faglig forklaring

Sjølv om den nytta krafta er den same i dei to systema, er massane til dei to systema forskjellige. I ein-klossystemet blir berre kloss B akselerert. I to-klossystemet blir både kloss A og B akselerert. Dobbelt så stor masse i to-klossystemet gir berre halvparten så stor akselerasjon. Derfor blir akselerasjonen til ein-klossystemet større.

Grubleoppgave om Newtons lover: Akselerasjon og snorkraft 2

Snorkrafta er 10 N i ein-klossystemet, men ikkje i to-klossystemet (dersom snorkrafta hadde vore 10 N i to-klossystemet, ville nettokrafta på kloss B vore null, altså ingen akselerasjon). Sidan akselerasjonen til to-klossystemet er halvparten, blir også snorkrafta i to-klossystemet halvparten av snorkrafta i ein-klossystemet.

Grubleoppgave om Newtons lover: Akselerasjon og snorkraft 3

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i fysikk - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Fysikk 1
    • Klassisk fysikk
      • identifisere kontaktkrefter og gravitasjonskrefter som virker på legemer, tegne kraftvektorer og bruke Newtons tre lover