Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • fysikk 1

Bremselengde

Grubleoppgave om Newtons lover: Bremselengde 1

Ein lastebil bråbremsar, og han sklir bortover før han stansar heilt opp. Dersom lastebilen hadde vore tungt lasta, slik at bilen sin totalmasse var dobbelt så stor, ville avstanden som bilen sklir vere

a)      den same

b)      1,5 gonger så lang

c)       fire gonger så lang

Faglig forklaring

Svar: a) den same

Dobbelt så stor masse tyder at dekka som sklir ville verke på vegen med ei dobbelt så stor kraft, som gir dobbelt så stor friksjon. Dobbelt så stor friksjon som verkar på ein dobbelt så stor masse, gir den same akselerasjonen og dermed stoppar lastebilen på den same avstanden.

 

Grubleoppgave om Newtons lover: Bremselengde 2