Diskusjonsoppgave

Passer for

  • fysikk 1

Opp og ned med same tid?

Grubleoppgave om Newtons lover: Opp og ned med samme tid 1

Kast ein ball rett oppover. Då vil tida han bruker på å nå toppen vere lik tida han bruker på å kome ned til startpunktet igjen

a)      berre dersom luftmotstanden er fråverande eller neglisjerbar

b)      anten det er luftmotstand eller ikkje

Grubleoppgave om Newtons lover: Opp og ned med samme tid 2

Faglig forklaring

Utan luftmotstand vil ballen sin akselerasjon vere g anten han går oppover eller nedover. Derfor blir fartsendringa kvart sekund den same begge vegar. Sidan avstanden er den same begge vegar, blir tida opp lik tida ned.

Sjølv om ballen møter akkurat like mykje luft når han flytter seg oppover som nedover, så er ikkje luftmotstanden som han møter begge vegar den same. Luftmotstand avheng ikkje berre av kor mykje luft som han må pløye seg gjennom, men også farten til gjenstanden. Luftmotstand er større når farten er stor. For betre å forstå dette kan du tenkje deg at vi kastar ei fjør oppover (kanskje vi kan skyte ho ut med ei slyngje for å få større startfart). Ho når toppen av bana si ganske raskt. Tida opp til det høgaste punktet i bana er kortare enn tida ho bruker ned til der ho blei skoten ut. Når ho fell ned, blir farten rask konstant på grunn av at ho veg så lite, og fjøra nærmast flyt med konstant fart nedover. Det vil seie at fjøra bruker lengre tid på å falle nedover frå toppen enn å nå toppen. Det same er tilfelle for ein ball, men sjølvsagt ikkje så merkbart.

 

Grubleoppgave om Newtons lover: Opp og ned med samme tid 3

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i fysikk - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Fysikk 1
    • Klassisk fysikk
      • identifisere kontaktkrefter og gravitasjonskrefter som virker på legemer, tegne kraftvektorer og bruke Newtons tre lover