Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • fysikk 1

Parabelbane

Grubleoppgave om Newtons lover: Parabelbane 1

Når ballen som svingar i enden av ein tråd kjem ned til det lågaste punktet sitt i bana, blir tråden kappa av eit skarpt barberblad.

Kva for bane vil ballen følgje etter at tråden er kappa?

 

Grubleoppgave om Newtons lover: Parabelbane 2

Faglig forklaring

Svar: b

Akkurat i den augneblinken som tråden blir kutta, flytter ballen seg horisontalt. Etter at tråden er kutta, verkar det ingen krefter horisontalt, og derfor vil ballen fortsetje med konstant fart horisontalt. Men tyngdekrafta vil gi ballen ein akselerasjon nedover, og farten nedover vil derfor auke med konstant akselerasjon. Kombinasjonen av ein horisontal konstant fart og ein aukande fart nedover, vil gi ballen ei parabelbane, som tilsvarer bane b.

 

Grubleoppgave om Newtons lover: Parabelbane 3

Vedlegg