Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • fysikk 1

Motor som går varm

Grubleoppgave om magnetisme: motor som går varm 1

Ei elektrisk sag trekkjer ein relativt liten straum når ho blir brukt med normal fart. Men dersom vi prøver å sage over eit stykkje tre og saga skjer seg fast, slik at sagbladet ikkje går rundt, aukar straumen dramatisk og motoren blir overoppheta.

Kvifor?

Faglig forklaring

Elektrisk straum i spolane i motoren kjem frå to kjelder: ein ytre straum som får spolane til å rotere i motoren sitt indre magnetfelt, og ein intern tilbakekoplingsstraum som blir produsert av dei roterande spolane. Det vil seie at ein elektrisk motor også er ein generator. Netto straum er straumen inn minus den genererte straumen som blir danna i spolane. Når motoren blir bremsa eller blokkert, blir nettostraumen større, fordi den genererte straumen minkar vesentleg eller forsvinn. Dette kan føre til at spolane i motoren brenn, og motoren blir øydelagd.

Grubleoppgave om magnetisme: motor som går varm 2