Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • fysikk 1

Magnet og straumsløyfe

Grubleoppgave om magnetisme: Magnet og strømsløyfe 1

Når det går straum i leiaren som er plassert i eit magnetfelt som vist på figuren, blir leiaren utsett for ei kraft oppover. Dersom leiaren blir forma som ei sløyfe som vist i figuren under, vil sløyfa bli utsett for krefter som kan få den til å

a)       rotere med klokka

b)       rotere mot klokka

c)       forbli i ro

Faglig forklaring

Svar: a) rotere med klokka

Grubleoppgave om magnetisme: Magnet og strømsløyfe 2

Den venstre sida av sløyfa blir utsett for ei kraft oppover, mens høgre side blir utsett for ei kraft nedover, slik figuren viser. Dersom du set ei fjør på sløyfa og festar ein viser til ho, får du eit enkelt elektrisk måleinstrument. Sløyfa kan maksimalt gjere ein halv rotasjon.

Men dersom du får straumen til å forandre retning (vekselstraum) kvar halve rotasjon, vil ho rotere kontinuerleg så lenge vekselstraumen held fram. Då har du ein motor.