Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10

Kva slags polaroidbrille?

Linjene i linsene i eit par briller viser polarisasjonsplanet for kva slags lys som kan passere. Kva for briller nedanfor har eit polarisasjonsplan som best kan redusere skarpt lys på grunn av refleksar frå vegbana når du køyrer?

Hva slags polaroidbrille 1

Faglig forklaring

Svar: b)

Brillene b) eignar seg best til å redusere det skarpe lyset frå vegbana, fordi mesteparten av lyset som utgjer refleksen frå ikkje-metalliske overflater er polarisert i same plan som overflata, det vil seie horisontalt. Brillene a) vil sleppe gjennom horisontalt polarisert lys og vil vere håplaust å bruke når du køyrer.  Brillene c) er for personar som ønskjer å heilgardere seg. Når refleksen kjem frå horisontale flater, bør venstre auge haldast lukka. Når refleksen kjem frå vertikale flater, som flaggstang og liknande, bør det høgre auget haldast lukka. Sidan dei fleste refleksar kjem frå horisontale flater, og køyring er best med begge auge opne, blir brillene b) tilrådde.

Hva slags polaroidbrille 2

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • gjennomføre forsøk med lys, syn og farger, og beskrive og forklare resultatene