Diskusjonsoppgave

Passer for

  • vg1

Tjukkleiken til ozonlaget

Ozon (O3) skjermar oss frå den mest av skadelege UV-strålinga frå sola. I atomosfæren utgjer denne gassen i gjennomsnitt berre 0,3 ppm (parts per million). Sjølv om atmosfæren til jorda strekkjer seg omtrent 250 km oppover, ville han berre strekkje seg 8 km oppover dersom vi hadde pressa saman lufta i atmosfæren til same massetettleik og lufttrykk som ho har ved havet si overflate. Tilsvarande kan vi tenkje oss å presse saman atmosfærisk ozon. Kor tjukt ville då ozonlaget bli?

a)      mindre enn 1 mm

b)      mellom 1 mm og 1 cm

c)       mellom 1 cm og 1 m

d)      meir enn 1 m

  Grubleoppgave om gasser: ozonlagets tykkelse 1  

Faglig forklaring

Sidan ozon utgjer berre 0,3 milliontedel av atmosfæren, vil tjukkleiken bli tre ti-milliontedel av 8 km.

Det er 0,3 x 10-6 (8 km) = 2,4 x 10-6 km = 2,4 mm

Grubleoppgave om gasser: ozonlagets tykkelse 2

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter Vg1 - studieforberedende utdanningsprogram
    • Stråling og radioaktivitet
      • forklare ozonlagets betydning for innstrålingen fra sola
  • Etter Vg3 - påbygging til generell studiekompetanse
    • Stråling og radioaktivitet
      • forklare ozonlagets betydning for innstrålingen fra sola