Diskusjonsoppgave

Passer for

  • fysikk 2

Kva veg peikar flammen?

Grubleoppgave om gasser: Hvilken vei peker flammen 1

Eit bursdagslys brenn i eit høgt drikkeglas. Kva veg vil flammen peike dersom glaset blir kvervla rundt i ei sirkelbane på ein armlengdes avstand, akkurat som når ein isdansar spinn rundt sin eigen akse?

Faglig forklaring

Flammen vil peike innover mot sentrum for sirkelrørsla. Dette skjer fordi lufta i glaset er tettare enn flammen og blir ”pressa” ut mot den ytre delen av sirkelen. Inni glaset mot yttersida av sirkelen får vi då eit høgare trykk som bøyer flammen mot området med lågare trykk– innover.

Grubleoppgave om gasser: Hvilken vei peker flammen 2  

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i fysikk - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Fysikk 2
    • Klassisk fysikk
      • regne ut akselerasjon og krefter på objekter som beveger seg med konstant fart i en sirkelbane, og på objekter i en vertikal sirkelbane i øvre og nedre punkt