Diskusjonsoppgave

Passer for

  • fysikk 1

Drikkeglas i vatn

Grubleoppgave om gasser: drikkeglass i vann 1

Eit vanleg drikkeglas som er fylt med luft, blir sett på hovudet i vatn. Etter kvart som vi skyver glaset djupare ned i vatnet, blir lufta inni pressa saman. Kor djupt må glaset bli trykt ned for at lufta skal bli pressa saman til halvparten av volumet i starten?

Korleis vil oppdrifta for det neddykka glaset på dette djupet vere samanlikna med oppdrifta glaset ville ha ved overflata?


Faglig forklaring

Grubleoppgave om gasser: drikkeglass i vann 2 Lufta i glaset vil bli pressa saman til halve volumet når det er trykt 10,3 meter ned under overflata. På dette djupet er vasstrykket lik lufttrykket ved vassoverflata. Det vil seie at trykket på lufta i glaset er to gonger lufttrykket. Dobbelt så stort trykk gir halve volumet.

Halve volumet vil seie at halvparten så mykje vatn blir fortrengt av glaset. Det vil seie at oppdrifta på glaset blir halvparten av oppdrifta ved overflata.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i fysikk - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Fysikk 1
    • Klassisk fysikk
      • identifisere kontaktkrefter og gravitasjonskrefter som virker på legemer, tegne kraftvektorer og bruke Newtons tre lover