Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • fysikk 1

Lufttrykk

Tenk deg at ei mjuk plastflaske som inneheld både vatn og luft blir sett på hovudet ned i ein tallerken med vatn. Da vil vassnivået i flaska

a)  søkke dersom vi klemmer ved A, men stige dersom vi klemmer ved B.

b)  søkke dersom vi klemmer ved A eller ved B.

c)  søkke dersom vi klemmer ved A, men fortsette å vere på same nivå dersom vi klemmer ved B.

d)  stige dersom vi klemmer ved A, men fortsette å vere på same nivå dersom vi klemmer ved B.

e)  fortsette å vere på same nivå dersom vi klemmer ved A eller ved B.

Lufttrykk

Faglig forklaring

c) søkke dersom vi klemmer ved A, men fortsette å vere på same nivå dersom vi klemmer ved B.

Dersom vi klemmer ved A, så klemmer vi saman lufta i flaska, som igjen pressar vatn ut gjennom flaskehalsen til den opne tallerkenen inntil lufttrykket er praktisk talt den same på utsida og innsida av flaska. Vassnivået søkk i flaska. Ved å klemme ved B, blir vatn pressa ut gjennom flaskehalsen til den opne tallerkenen i staden for å stige og presse saman lufta over vassflata. Igjen er lufttrykket inni og utanfor flaska det same.

Vedlegg