Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • fysikk 1

Størst fart?

Tre ballar blir kasta frå toppen av eit fjell slik banene A, B og C viser på teikninga. Utgangsfarten deira er den same, og luftmotstanden er så liten at vi kan sjå bort frå han. Ballen som treffer bakken under klippa med størst fart, vil følgje bana

a)      A

b)      B      

c)       C

d)      Både A og C

e)      Alle treffer bakken med like stor fart

Faglig forklaring

Alle treffer bakken med like stor fart. I forhold til bakken under klippa, er den kinetiske energien + den potensielle i starten den same for kvar ball. Denne energien er lik den kinetiske energien i det ballane treffer bakken. For ballar med like massar vil same kinetiske energi bety same fart.

Grubleoppgave om energi: størst fart 2