Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • fysikk 2

Berg- og dalbane

Grubleoppgave om energi: berg og dalbane 1

 

I kva for ei vogn vil farten vere størst når vognene passerer det lågaste punktet i bana?

a)     Første vogn

b)     Midtre vogn

c)     Bakarste vogn

d)     Andre

Faglig forklaring

Grubleoppgave om energi: berg og dalbane 2

Sjølvsagt har alle vognene same fart på eit kva som helst punkt i bana, for dei heng jo saman. Men den potensielle energien til systemet av vogner i tyngdefeltet er minst når den midtre vogna er i botnpunktet, det vil seie når tyngdepunktet til systemet er lågast. Lågast potensiell energi tyder høgast mogeleg kinetisk energi. Derfor: set deg i midtre vogn for å oppnå høgaste fart i botnpunktet.

Grubleoppgave om energi: berg og dalbane 3