Diskusjonsoppgave

Passer for

  • fysikk 1

Langt kanonløp

Kvifor blir farten til ei kanonkule større dersom den blir skoten ut frå ein kanon med eit lengre kanonløp, dersom kanonkula blir utsett for same kraft?

Grubleoppgave om energi: langt kanonløp 1

Faglig forklaring

Det er to hovudgrunnar til ein større fart. Ei kanonkule med større fart har større bevegelsesmengde og større kinetisk energi. Korleis kan kula få større bevegelsesmengde med den same krafta?

Grunnen er at kraftstøyten blir større, definert som kraft x tid. Tida som krafta verkar blir lenger i eit langt kanonløp. Eller korleis får kanonkula meir kinetisk energi? Fordi arbeidet blir større, definert som kraft x veg. Krafta verkar ein lengre veg i eit langt kanonløp, noko som gir større arbeid, som igjen vil seie større kinetisk energi.


Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i fysikk - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Fysikk 1
    • Klassisk fysikk
      • gjøre rede for energibegrepet og begrepene arbeid og effekt og foreta beregninger og drøfte situasjoner der mekanisk energi er bevart