Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • fysikk 1

Kva er farlegast?

  Grubleoppgave om elektrostatikk: Hva er farligst 1  

Kva er mest farleg: å røre ved ein defekt 220 volts pære eller ein Van de Graaff-generator som er lada til 100 000 volt? Kvifor?

Faglig forklaring

Å røre ved ein Van de Graaff-generator kan vere ei hårreisande erfaring, men å røre ved ein defekt 220 volts pære kan vere det siste du gjer. Den ladde generatoren illustrerer veldig godt forskjellen mellom elektrisk potensiell energi og elektrisk potensial. Elektrisk potensial er elektrisk potensiell energi per ladning. Sjølv om generatoren kan vere ladd til eit elektrisk potensiale på 100 000 V, er ladninga relativt liten. Dette er, i tillegg til den korte tida ladning blir overførd, grunnen til at du ikkje blir skadd når generatoren blir ladd ut gjennom deg. Derimot blir den vedvarande overføringa av ladning veldig merkbar dersom du blir ein del av den kortslutta krinsen der spenninga i huset er 220 V. Mindre energi per ladning, men mange, mange gonger meir ladning.

Grubleoppgave om elektrostatikk: Hva er farligst 2

(i teikninga skal det stå 220 V som er vanleg i Noreg, altså E/q. = 220 V)