Diskusjonsoppgave

Passer for

  • fysikk 2

Elektriske krefter

Grubleoppgave om elektrostatikk: proton elektron

To motsett ladde partiklar, ein alfapartikkel med 2 positive ladningar og eit elektron med mykje mindre masse med ein negativ ladning, blir trekte mot kvarandre. Samanlikna med krafta som alfapartikkelen utøver på elektronet, utøver elektronet ei kraft på alfapartikkelen som er

  •     større
  •     den same
  •     mindre


Partikkelen med den største akselerasjonen er

  •     alfapartikkelen
  •     elektronet
  •     same for begge


Etter kvart som partiklane kjem nærmare kvarandre, så aukar

  •     krafta
  •     farten
  •     akselerasjonen
  •     alle størrelsane over
  •     ingen av størrelsane over

Faglig forklaring

Svar: den same; elektronet; alle størrelsane over


I følgje Newtons 3. lov vil partiklane verke på kvarandre med like store og motsett retta krefter.

I følgje Newtons 2. lov vil den same krafta gi størst akselerasjon til partikkelen med minst masse.

I følgje Coulombs lov vil krafta auke når avstanden minkar, og Newtons 2. lov seier at når krafta aukar, så aukar også akselerasjonen. Sidan partiklane akselererer mot kvarandre, aukar også farten deira.


Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i fysikk - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Fysikk 2
    • Klassisk fysikk
      • beskrive homogene og inhomogene elektriske felt og bruke Coulombs lov